Skrog på beddingen igjen

Nyleg vart ein viktig milepæl nådd på livsløpsverftet Green Yard Kleven. Eit stort resirkuleringsprosjekt, ein ankerhandterar, vart landsett ved hjelp av eit splitter nytt opptrekkssystem.

- Opptrekksystemet har ei trekkraft på heile 600 tonn, seier Karl-Erik Sæbønes, avdelingsleiar for resirkulering ved Green Yard Kleven.

For å få på plass det nye opptrekkssystemet, har Green Yard Kleven investert i ny bygningsmasse på verftsområdet. Det har gjennom våren blitt bygd eit «pullerthus» i enden av beddingen ved hjelp av lokale leverandørar. Betonghuset er kraftig forankra i fjellet og har to pullertar montert på taket. Rundt desse pullertane er det festa eit par kjettingtrekk.

Kjettingtrekk med mykje kraft

Sjølve opptrekksystemet er levert av eit nederlandsk selskap, og består av kjettingtrekk, hydraulikkaggregat og styresystem. Ei «plug-and-play»-løysing. Systemet er mykje brukt innan bergingsoppdrag, og er ei velprøvd metode for trekking av tunge gjenstandar.

- Det var knytta stor spenning til det første opptrekket, men det gjekk over all forventning, og gleda var stor over at det fungerte så bra. Kollegane mine har vist ei eineståande evne til å omstille seg til nye metodar, og utførte operasjonen på imponerande vis. Opptrekket gjekk sakte og kontrollert, og trekkrafta var rikeleg. Gjennomsnittleg trekkraft låg på rundt 200-250 tonn, fortel Sæbønes.

Både sjøsetting og landsetting i beddingen

-Vi er veldig tilfreds med denne investeringa, dette gir oss moglegheiter for ei meir effektiv prosjektgjennomføring framover. Beddingen på Green Yard Kleven har tidlegare berre blitt brukt til å sjøsette skrog til nybygde skip, men etter at den nye investeringa kom på plass, kan den no brukast begge vegar, seier Hans Jørgen Fedog, dagleg leiar i Green Yard Kleven.

Skroget blei drege på smurte sliskar, ei metode som også blir brukt ved sjøsetting. Det er ein stor fordel å kunne bruke både sliske-rennene og sliskane som allereie var der frå før til dette.

-Dette gjer at vi ikkje er tvungne til å gjere endringar på beddingen vår, og det vil framleis vere mogeleg å sjøsette nybygg, fortel Karl-Erik Sæbønes.

Ei grøn vidareutvikling av verftet

Skipet som er under resirkulering er ein ankerhandterar, og må på land for at skroget skal bli klipt opp. Medan skipet låg til kai blei det sanert, overbygget fjerna og skroget klargjort for landsetting. Arbeidet følger verdas strengast miljøkrav, og med det nye opptrekkssystemet har livsløpsverftet nådd eit nytt nivå mot målet om bli det grønaste alternativet i bransjen.

- Landsettinga markerer starten på den siste fasen av resirkuleringa. I vekene framover skal vi gjennomføre akseltrekk, demontere thrustarar og klippe opp sjølve skroget. Mykje av utstyret og komponentane går til gjenbruk, medan stål og metall går til vidare foredling og omsmelting. I løpet av september skal skipet vere ferdig resirkulert. Då skal neste ankerhandterar bli landsett, avsluttar Sæbønes.

Foto: Samferdselsfoto / Tor Arne Aasen